Nationaltheatret innleier Fosse-året


Noregs største nolevande dramatikar, Jon Fosse, fyller 60 år 29. september. Jubileumsåret blir i Oslo innleidd med premiere på Natta syng sine songar på Amfiscenen 3. april.

Nils Golberg Mulvik som Den unge mannen, og Marte Engebrigtsen som Den unge kvinna. (Foto: Nationaltheatret)

Det er den franske regissøren Laurent Chétouane som set opp Natta syng sine songar, som handlar om eit nybakt foreldrepar, der han er ein mislykka og deprimert forfattar. Han vågar ikkje lenger å gå ut, og ligg berre på sofaen og les. Spørsmålet er om han er eit uoppdaga talent, eller ikkje.

Stykket kom ut i 1998, og er eit av Fosses tidlege skodespel. På scenen finn du Marte Engebrigtsen og Nils Golberg Mulvik i som det unge paret. Ågot Sendstad og Henrik Rafaelsen spelar mor og far, som kjem på barselbesøk, medan Ole Johan Skjelbred spelar Baste, som kjem inn og røskar opp i den fastlåste situasjonen.

– Eg likar alt som er litt feil

Nationaltheatret har vore ein stor pådrivar for Fosses dramatikk. Ifølgje dramatikaren og forfattaren sjølv var det Nationaltheatret som i si tid fekk han til å halde fram med å skrive teater.

– Eg likar alt som er litt feil, eg altså. Det er kjekkare når det er kontrært og ikkje sånn det skal vere. At nynorskdiktaren Fosse utviklar seg best på Nationaltheatret, det synest eg er fint, sa Fosse i samband med oppsetjinga av Barnet i 2017.

– Dette blir stort

Teatersjef Hanne Tømta har på si side lenge drøymt om å setje opp Natta syng sine songar.

– Nationaltheatret og Jon Fosse har hatt eit tett forhold i over 20 år, og det er heilt sjølvsagt at vi er med på å feire Fosse-jubileet. Natta syng sine songar er eit stykke eg har drøymt om å setje opp sidan eg vart teatersjef, det er ei svært sterk historie. Dessutan har det nesten ikkje vore spelt, og det er eit stykke som fortener å bli vist, seier Tømta. 

Les meir om framsyninga her

(Pressemeding fra Nationaletheatret)

Legg inn kommentar

Vennligst oppgi ditt navn

Ditt navn er påkrevd

Vennligst oppgi en gyldig epostadresse

En epostadresse er påkrevd

Vennligst legg inn din melding

NORSKE DRAMATIKERES FORBUND - WRITERS GUILD OF NORWAY

Besøks- og postaddresse:
Kronprinsens gate 17
0251 Oslo

Telefon: 22 47 89 50
Epost: post@dramatiker.no
Org nr: 971 278 188

Dramatikerforbundet © 2019 Alle rettigheter. | Personvernerklæring | Ansvarlig redaktør: Monica Boracco.

WordPress fra wp-hosting.no