Morgon med lysande hestar

[2022]
  • Språk: nynorsk
  • Skrevet: 2022
  • Målgruppe: Voksne

Skrevet av

Synopsis

Morgon med lysande hestar er ei framsyning, ein scenisk skapnad som er sanseleg, undrande og urovekkande. To menn slitest mellom ynskje om å koma nær kvarandre og å støyta kvarandre bort, mellom fortæring og einsemd. To kroppar. To individ. Men også éin omskifteleg organisme i flukt mellom menneske og natur, kropp og materie. Huy Le Vo og Morten Espeland lagar saman med regissørkoreograf Erlend Samnøen eit verk som byrjar i total samansmelting av dei to kroppane på scena. To forvrengde, morkna skapningar som sakte kjem ut av mørkret – som i eit målarstykke av Francis Bacon, der det er umogeleg å skilja kvar den eine kroppen sluttar og den andre byrjar. Latent i dei begge ligg det splintra ynskje om å øydelegga einannan og bli eitt på same tid; sleppa å ha ein eigen kropp, og gjera den andre kroppen til sin eigen. Tekstane er henta frå Båten om kvelden, Vesaas si siste prosabok (1968). I Morgon med lysande hestar møter me to unge menn som treffest tidleg ein morgon og stilt går i møte med noko nytt – noko som vil endra dei for all tid. Forfattar Sara Li Stensrud har laga ein komposisjon av ulike tekststykke og -fragment frå Vesaas si bok, som alle krinsar rundt det å stå i samband med noko. Det handlar om å bryta gjennom det indre livet og strekka seg mot noko utanfor seg sjølv, anten det er det eit menneske, ei myr eller framande munnar i stein. Gjennom å lytta seg inn på klangane og symbola til Vesaas, har Li Stensrud søkt å opna opp fleire av dei sterkaste og mest kroppslege motiva i Vesaas sin forfattarskap.

Historikk

  • Uroppført: 2022
  • Produsent: Ymist og Kirsti Ulvestad
  • I rollene:

    Huy Le Vo og Morten Espeland

Forestillingsrettigheter

Norske Dramatikeres Forbund er ikke agent for forfatterne i denne databasen.

Ønsker du å oppføre manuskriptet, ta kontakt med forfatteren selv eller med forfatterens representanter.