AXELIANE
- Språk: nynorsk
- Skrevet: 2024
- Målgruppe: Alle
Synopsis
Skodespelet Axeliane tek utgangspunkt i den reisande kvinna, Axeliane, slike som ofte vart kalla splint eller fant på våre trakter av landet - utan at dette er nokon dokumentar. Men den historiske ramma er korrekt.
Axeliane var ei modig dame, som sloss for sine - og andre reisande sin rett til å vera det dei var - nettopp reisande. Det skulle ho komma til å svi for.
Ho fødde ein son i Leirvik hjelpefengsel i 1878. Sonen, som vart teken frå henne og sett ut i pleie, vart seinare ein kjend kulturjournalist og forfattar, med tilhaldstad i hovudstaden. Axeliane vart send vidare til Christiania Tugthus, etter ein summarisk dom for konkubinat, det vil seia samliv utanfor ekteskap.
Axeliane var kunstnarleg begava og ein framifrå smykkemaker. I tillegg hadde ho ei skarp tunge. Etter at ho kom ut frå Christiania Tugthus, levde ho av å selja produkta sine. Alltid på reisefot. Ho enda sine dagar i eit naust ved Førresfjorden i Nord-Rogaland i 1903.
Historikk
- Uroppført: 2024
- Produsent: Asle Dahl Gamle Fengselet kulturhotell
-
I rollene:
I hovudrolla Reny Marie Folgerø (Skodespelar ved DNS i Bergen)
Forestillingsrettigheter
Norske Dramatikeres Forbund er ikke agent for forfatterne i denne databasen.
Ønsker du å oppføre manuskriptet, ta kontakt med forfatteren selv eller med forfatterens representanter.