Kjersti Wøien Håland


å sjangle inn i framtida
å skrive forsett
å sjå eit ljos som ingen andre ser
så dei ber deg drikke vatn og legge deg nedpå

Kjersti Wøien Håland (Foto: Heidi Furre)

Kjersti Wøien Håland (Foto: Heidi Furre)

KJERSTI WØIEN HÅLAND

Født 1988, bur i Oslo.

Kva held du på med no?

Eg jobbar med forskjellige filmmanus og skal også skrive for DUS i år! Eg er heldig som får jobbe med veldig forskjellige prosjekt, variert i tone og sjanger så eg får spele på ulike strenger. Gleder meg veldig til DUS fordi teater er roten til det meste bra i livet mitt, spesielt gleden over kreativt samarbeid og omtrent alle venene mine.

Korleis ser arbeidsplassen din ut?

Eg kjøpte ein blomst i går men det hjalp ikkje særlig på kaoset som er skrivebordet på soverommet mitt. Så siden eg fyller skrivebordet mitt med blomar og penner og bøker og hårbørster for å inspirere meg til å skrive der ender eg opp med å ikkje få plass. Så eg inspirerer meg sjølv ut av heile situasjonen. Så da sit eg heller på kjøkkenet, i stua eller på ein kafé i nærleika. Drøymer om ein sånn heve-senke-pult sånn at eg kan stå og skrive. Men har nok ikkje plass til det heller pga blomane og hårbørstane.

Din største kunstopplevelse?

Min største kunstopplevelse er nok at foreldra mine las Ringenes Herre til meg og søstera mi da vi var barn. Alle karakterene hadde stemme og alle songane hadde melodi.

Kva ord manglar i den norske ordboka?

Melankolykke:
når du er så lykkelig at du blir trist
når du er så trist at du blir lykkelig
når eit kjenslekammer renn over i det andre
når du elskar med heile deg

Humørska:
når du kjenner så sterkt at du blir berusa
når du ler så hardt at du blir svimmel
når du sjangler innafor skalet
når du lever litt ekstra

Håpefylla:
å sjangle inn i framtida
å skrive forsett
å sjå eit ljos som ingen andre ser
så dei ber deg drikke vatn og legge deg nedpå

Eg sender stafettpinnen vidare til: Bahareh Badavi.

Legg inn kommentar

Vennligst oppgi ditt navn

Ditt navn er påkrevd

Vennligst oppgi en gyldig epostadresse

En epostadresse er påkrevd

Vennligst legg inn din melding

NORSKE DRAMATIKERES FORBUND - WRITERS GUILD OF NORWAY

Besøks- og postaddresse:
Kronprinsens gate 17
0251 Oslo

Telefon: 22 47 89 50
Epost: post@dramatiker.no
Org nr: 971 278 188

Dramatikerforbundet © 2020 Alle rettigheter. | Personvernerklæring | Ansvarlig redaktør: Monica Boracco.

WordPress fra wp-hosting.no