Jon Fosse kan vinne Den internasjonale Booker-prisen


Jon Fosse er nominert til Den internasjonale Man Booker-prisen for første band i SeptologienDet andre namnet som kom ut i fjor haust. Det melder Samlaget i ei pressemelding. Prisen er ein av verdas mest prestisjefylte litterære prisar og vert delt ut til den beste skjønnlitterære boka omsett til engelsk i fjor. Vinnaren vert kåra 19.5. Prisen er på 60 000 pund. Tidlegare har berre ein annan norsk forfattar vore nominert til denne prisen; Roy Jacobsen for De usynlige.

Jon Fosse (Foto: Tom A. Kolstad)

Jon Fosse (Foto: Tom A. Kolstad)

-Eg er overraska og glad over nominasjonen. Lista over dei nominerte til prisen er imponerande, seier Fosse.

Septologien vart lansert internasjonalt på bokmessa i Frankfurt i oktober i fjor, der Fosse er eit av hovudnamna.

​Første band i Jon Fosses storverk SeptologienDet andre namnet er selt til tolv land; Danmark, Sverige, Tyskland, Nederland, Storbritannia, USA, Spania, Ungarn, Frankrike, Slovakia, Estland og Italia. Winje Agency handterar salet av Fosses bøker i utlandet.

Både  norske og utanlandske bokmeldarar tok svært godt imot første band av storverket og sa mellom anna; «Når siste ord er lest, får jeg lyst til å lese boken en gang til», «Terningkast sju: Fosse i full fyr.», «Mesterlig fra Jon Fosse», «En herlig fest uten punktum!».

Septologien er eit suggererande og storslått romanverk om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, vennskap og tida som går. Det handlar om døden, men òg om kva det vil seie å vere i livet. Verket er sett saman av dei tre bøkene Det andre namnet, Eg er ein annan og Eit nytt namn, og dei to neste bøkene vert gitt ut no til hausten og i 2021. Verket fekk tittelen fordi det naturleg deler seg i sju.

Legg inn kommentar

Vennligst oppgi ditt navn

Ditt navn er påkrevd

Vennligst oppgi en gyldig epostadresse

En epostadresse er påkrevd

Vennligst legg inn din melding

NORSKE DRAMATIKERES FORBUND - WRITERS GUILD OF NORWAY

Besøks- og postaddresse:
Kronprinsens gate 17
0251 Oslo

Telefon: 22 47 89 50
Epost: post@dramatiker.no
Org nr: 971 278 188

Dramatikerforbundet © 2020 Alle rettigheter. | Personvernerklæring | Ansvarlig redaktør: Monica Boracco.

WordPress fra wp-hosting.no