Heddadager, men ikke Heddapriser


Heddakomitéen har bestemt seg for å samle teater-Norge til festival i sommer! Går alt etter planen, åpner Heddadagene dørene for publikum fra 4. til og med 13. juni – men Heddaprisen må vente.

Det forteller komtiéens leder Solrun Toft Iversen i en pressemelding fra NTO fredag:

«Etter at festivalen vart avlyst i 2020, og slik som tida enno er, blir det det i år ekstra viktig å kunne ha eit felles møtepunkt og ei feiring av mangfaldet og oppdrifta i teatra».

Heile 35 teater og scenekunstinstitusjonar, frå Kristiansand i sør til Kautokeino i nord og frå Hamar i aust til Haugesund i vest, står bak festivalen. Det er dei kunstnariske leiarane ved teatra som vel ut framsyningar frå eige repertoar til det som blir eit festivalprogram med eit breitt utval av framsyningar, arrangement og fagprogram.

«Stadig skiftande smitteverntiltak gjer det svært vanskeleg for teatra å planlegge, men så framt Oslo ikkje er heilt stengt i juni har vi tru på at det er mogleg å lage ein god festival innanfor trygge rammer» seier Toft Iversen.

Ikkje Heddaprisen i 2021

Heddadagene leiar vanlegvis opp til utdelinga av den høgt akta utmerkinga Heddaprisen. Prisen har som føremål å heidre framifrå prestasjonar i norsk scenekunst, og har sidan 1998 blitt delt ut årleg. Men det blir det dessverre ei endring på i år.

«Det har ikkje stått på kunstnarleg vilje eller evne på norske scener siste året. Tvert om har mange oppretthaldt både repertoar og arbeid med uforminska styrke. Men vi i Heddakomitéen ser oss likevel nøydd til å ta innover oss at publikumsmøta har vore sterkt avgrensa i året som har gått. Reiserestriksjonar, avlysingar og avkorta speleperiodar har òg gitt store utfordringar for arbeidet til Heddajuryen. Og det er summen av dette som gjer at vi i Heddakomitéen ser at det er best å slå saman inneverande sesong med den neste når det kjem til utdeling av Heddaprisen. På det viset meiner vi å kunne famne heilskapen på ein meir forsvarleg måte, og halde fram med å vere teaterprisen til heile Noreg» seier Solrun Toft Iversen.

Arbeidet Heddajuryen har fått utført denne sesongen skal ivaretakast og legge grunnlaget for arbeidet vidare til den samla prisutdeling neste år. Heddakomitéen har òg teke ei avgjerd på å utvide nomineringa. På denne måten vonar Heddakomitéen at begge sesongane kan bli løfta rettvis fram. Og at dei framsyningane som no blir laga på delvis lukka teaterhus, kan bli heidra på ein representativ måte.

Festival med glede og stor optimisme

Teater- og scenekunstinstitusjonane i Noreg er av dei som har vore råka hard av smittevernsrestriksjonane sidan mars 2020, og mange har i lengre periodar ikkje kunne spelt for publikum.

«Vi i Heddakomitéen har stor tru på at Heddadagene kan få løfta fram det gode teaterarbeidet som vart arbeida fram under vanskelege høve under pandemien og gje teatra eit naudsynt løft etter eit utfordrande år. Så det er med glede og optimisme vi ser fram til å møtast til i juni» seier Toft Iversen.

Forsidebilde: Solrun Toft Iversen, leder av Heddakomitéen og teatersjef ved Det Vestnorske Teatret (Foto: Det Vestnorske Teatret)

Legg inn kommentar

Vennligst oppgi ditt navn

Ditt navn er påkrevd

Vennligst oppgi en gyldig epostadresse

En epostadresse er påkrevd

Vennligst legg inn din melding

NORSKE DRAMATIKERES FORBUND - WRITERS GUILD OF NORWAY

Besøks- og postaddresse:
Kronprinsens gate 17
0251 Oslo

Telefon: 22 47 89 50
Epost: post@dramatiker.no
Org nr: 971 278 188

Dramatikerforbundet © 2021 Alle rettigheter. | Personvernerklæring | Ansvarlig redaktør: Monica Boracco.

WordPress fra wp-hosting.no