Ane Barmen


– Men eg må dra fram russeturen vår på musikklinja til Berlin (…)

Ane Barmen (Foto: Maria Olivia Rivedal)

Ane Barmen (Foto: Maria Olivia Rivedal)

ANE BARMEN

Født 1984, bor i Oslo.

Hva holder du på med nå?

Eg ventar på tilbakemelding frå ein redaktør på forlaget mitt angåande eit nytt fyrsteutkast til eit romanprosjekt eg har skrive i sommar, og reknar med det ventar ørten runder med omskriving. Men det gler eg meg til! Redigering er spanande.
Og medan eg ventar jobbar eg frilans med ymse skodespelaroppdrag – les lydbøker og låner røysta mi til ulike prosjekt. Og så drodlar eg på eit sceneprosjekt for ungdom. Har frykteleg lyst til å skrive meir dramatikk snart.

Hvordan ser arbeidsplassen din ut?

Det varierar, sidan eg er frilansar. Men eg sit mykje på heimekontoret og skriv attåt ein liten ikeapult med ein utruleg knirkete kontorstol. Kontoret mitt har blitt eit roterom der vi kastar inn alt vi ikkje orkar å bere opp på loftet. Vi må skjerpe oss der. På veggen heng det eit hav av små lappar med stikkord og dramaturgi for romanprosjektet eg jobbar med, og når vi får besøk som må overnatte på kontoret dekkar eg lappeveggen med teikningar frå dottera mi, så ingen skal sjå.

Din største kunstopplevelse?

Verdas vanskelegaste spørsmål! Eg har hatt så mange fine og heftige kunstopplevingar, innan mange greiner. Men eg må dra fram russeturen vår på musikklinja til Berlin, då vi gjekk på konsert med Berlinerfilharmonikarane i deira eigen konsertsal. Dei spelte noko Mozartgreier vi hadde lytta mykje til i forkant og som eg i klasserommet tykte var ganske keisamt. Men då vi sat der i salen og dei spelte stykket var det som å bli slått i bakken. Plutseleg skjønte eg greia, eller noko? Det var så vakkert at det gjorde nesten fysisk vondt, og eg berre grein.
Eg hugsar ikkje kva stykke det var. Men eg gløymer aldri kjensla av det.

Hvilket ord mangler i den norske ordboken?

Eg har leita med lys og lykte etter eit godt norsk uttrykk for det ein på engelsk kallar «to parade around» – altså å vise fram noko eller nokon i ein slags parade, eller rett og slett «å vise stolt fram» – men uttrykt på ein fiffigare måte. Eg har spurt alle språksmarte folk eg kjenner, men ingen kjem på noko eg tykkjer funkar heilt. «Paradere» går jo ikkje. Ei heller å «strutte rundt», for ein kan ikkje strutte rundt nokon andre. Viss nokon har eit bra forslag, gje meg for all del ein lyd!

Hvilket medlem går pinnen til?

Morten Molland Sandøy.

Legg inn kommentar

Vennligst oppgi ditt navn

Ditt navn er påkrevd

Vennligst oppgi en gyldig epostadresse

En epostadresse er påkrevd

Vennligst legg inn din melding

NORSKE DRAMATIKERES FORBUND - WRITERS GUILD OF NORWAY

Besøks- og postaddresse:
Kronprinsens gate 17
0251 Oslo

Telefon: 22 47 89 50
Epost: post@dramatiker.no
Org nr: 971 278 188

Dramatikerforbundet © 2020 Alle rettigheter. | Personvernerklæring | Ansvarlig redaktør: Monica Boracco.

WordPress fra wp-hosting.no