Jon Fosse kan vinne Den internasjonale Booker-prisen
Jon Fosse er nominert til Den internasjonale Man Booker-prisen for første band i Septologien, 'Det andre namnet' som kom ut i fjor haust.
Redaksjonen, 01.02.2020
Det melder Samlaget i ei pressemelding. Prisen er ein av verdas mest prestisjefylte litterære prisar og vert delt ut til den beste skjønnlitterære boka omsett til engelsk i fjor. Vinnaren vert kåra 19.5. Prisen er på 60 000 pund. Tidlegare har berre ein annan norsk forfattar vore nominert til denne prisen; Roy Jacobsen for De usynlige.
-Eg er overraska og glad over nominasjonen. Lista over dei nominerte til prisen er imponerande, seier Fosse.
Septologien vart lansert internasjonalt på bokmessa i Frankfurt i oktober i fjor, der Fosse er eit av hovudnamna.
Første band i Jon Fosses storverk Septologien, Det andre namnet er selt til tolv land; Danmark, Sverige, Tyskland, Nederland, Storbritannia, USA, Spania, Ungarn, Frankrike, Slovakia, Estland og Italia. Winje Agency handterar salet av Fosses bøker i utlandet.
Både norske og utanlandske bokmeldarar tok svært godt imot første band av storverket og sa mellom anna; «Når siste ord er lest, får jeg lyst til å lese boken en gang til», «Terningkast sju: Fosse i full fyr.», «Mesterlig fra Jon Fosse», «En herlig fest uten punktum!».
Septologien er eit suggererande og storslått romanverk om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, vennskap og tida som går. Det handlar om døden, men òg om kva det vil seie å vere i livet. Verket er sett saman av dei tre bøkene Det andre namnet, Eg er ein annan og Eit nytt namn, og dei to neste bøkene vert gitt ut no til hausten og i 2021. Verket fekk tittelen fordi det naturleg deler seg i sju.
Sara Johnsen er tildelt nordisk manuspris!
Juryen ga følgende begrunnelse for tildelingen: ”Drama är ett effektfullt verktyg, som bör användas med eftertänksamhet, i synnerhet när det gäller porträttering av verkliga händelser. Juryn blev förbluffade av författarens modiga tillvägagångsätt att förmedla berättelsen med respekt och på samma gång behålla dess känslomässiga kärna. Årets vinnare av Nordisk Film & TV Fond Prize är 22 July!”
Dragon Award til 'Barn' av Dag Johan Haugerud!
Spillefilmen Barn av Dag Johan Haugerud ble tildelt verdens største filmpris Dragon Award Best Nordic Film på filmfestivalen i Gøteborg lørdag kveld. Med den prestisjefylte prisen følger en million kroner.