Heddadagane sin rampete veslesøster
Ho har lese 129 manus, har valt tre vinnarar, og samlar no eit godt team rundt seg for å iscenesette tekstane på Norsk Dramatikkfestival, «Heddadagane sin rampete veslesøster». Den nye kunstnariske leiaren, Maren E. Bjørseth, skal sjølv vere med på å regissere, og har ein draum om å få høyre «Men, å, leste du det sånn, så interessant!»
Mette Karlsvik, 19.02.2025

Maren E. Bjørseth
Foto: Mette Karlsvik
Regissør Maren E. Bjørseth tok over leiarskapet i Dramatikkfestivalen sommaren 2024, etter dramatikaren Kristofer Grønskag. Det er tre månadar igjen til festivalen når ho møter meg på eit kaffibrenneri på Øvre Grünerløkka, og ho har akkurat fått terningkast seks frå kritikarane til Aftenposten, Dagsavisen og Adresseavisen og ein femmer frå NRK for sin hittil siste regijobb, Prima Facie. Denne går no på turne med Riksteatret, før den blir spilt på Nationaltheatret frå slutten av april. Bjørseth skal da dykke ned i Dramatikkfestivalen, ikkje minst begynne arbeidet med å iscenesette tre vinnarverk og utdrag frå tre som nådde til kortlista. Bjørseth håpar at festivalen, som skjer kvart andre år og altså er ein biennale, behandlar manusa på ein måte som gjer at dramatikarane kjenner glede over å sleppe tekstane.
Ikkje fordi Bjørseth sjølv har eit ego som regissør.
– Forestillinga er mitt største ego!
Bjørseth begynte da også å jobbe med teater fordi ho liker å finne på ting med andre. Ho utdanna seg ved Kunstakademiet i Amsterdam - Amsterdamse Hogechool voor de Kunsten, som er kjent for å samle alle kunstformer, og der ein kan studere opera, vis a vis arkitektur, ballett, eller altså regi.
Og ein eller annan stad der, bad kanskje ein biletkunstlærar ein biletkunststudent om å la materialet vise veg? Kva form prøver dette materialet å ta? Overførd til dramatikken; Bjørseth meiner at teksten kan opne seg på ein ny måte for kvar nye lesar, også for kvar regissør. Bjørseth skal regissere stykka saman med Huy Le Vo og Sigurd Ziegler frå festivaljuryen.
– Vi er berre fødselshjelparar. Det er tekstane og dramatikarane som er det viktige. Men eg trur vi har noko å bidra med. Så håpar eg at dei som gir bort tekstane sine kan bli inspirert av at vi gjer noko med dei.
BRANSJING.
Da regissøren Victoria Meirik blei intervjua på scenekunst.no i samband med at ho var ny leiar for Dramatikkfestivalen i 2014, kom det fram at også ho har utdanning frå Kunstakademiet i Amsterdam. Meiriks påstand var at terskelen var lågare i Nederland for å skrive scenetekst: «Alle skriv – det er ikkje den same rolledelinga som her. Regissørar og skodespelarar skriv, vi skreiv dramatikk som ein del av regiutdanninga.»
Bunken av søknadar til årets Dramatikkfestival viser at det også i Noreg jobbast på tvers. Også innanfor scenekustfeltet. Aktørar tar nye rollar på tvers, slik som skodespelaren som begynner å skrive dramatikk, dramatikaren som blir regissør. Og kva tenker Bjørseth om sin eigen form for «bransjing», no som festivalsjef?
– Det har vore mange regissørar i denne rolla før meg, da. Og det handlar, som i regissørrolla, om å lese, og om å lage dei trygge romma. Når eg får høyre at eg bidrar til å lage dei trygge romma, så blir eg overraska over at det er mogleg ikkje å gjere det. Ein er så avhengig av at folk er med på leiken. Og da må ein vere trygg, seier Bjørseth og legg til, med eit smil: Men eg liker jo å bestemme.
– Å lese for dramatikkfestivalen er annleis enn å lese som regissør forøvrig. Når eg les bunkar av manus som regissør, tenker eg på kva som passar på staden det skal settast opp, kva som passar for tida, aktualiteten, og meir. Vi les mindre hilda for festivalen. Teksten står i fokus og ikkje regien. Først tykte eg det var skummelt, og vanskeleg å skilje skitt frå kanel. Men så såg eg at det som kommuniserer, det kommuniserer. Eg fekk lågare skuldre. Eg har hatt stor tillit til dei som var med meg på å lese. Det har vore fint å vere fleire hovud, å ha fleire teatervinklar.
Bjørseth og juryen las alle 129 manusa først, før dei plukka ut tretti som dei las om att. Av desse valde dei seks. Tre vinnartekstar blir framførd i heilskap, og dei tre andre blir presentert på anna vis under festivalen.
– Det er eit poeng å gjere stas på dei som er aller best.
Bjørseth meiner at det har stor verdi at så mange manus er skrive og sendt inn. Eitt av manusa som vart sendt inn til Dramatikkfestivalen 2023, og som vart eit av dei tre manusa på kortlista, fekk ein profesjonell teaterpremiere på Brageteatret i 2024 og vil visast under Heddadagene no i 2025. «Viss vi i teatret skal ha sjans til å spele noko anna enn Ibsen og Shakespeare, så må vi opne opp dørene. Og kven veit kven som sit på morgondagens historier?» spurde Bjørseth i eit intervju på Facebook da ho tok over jobben i juni. Og kven sit på morgondagens historier? «Det trur eg rett og slett det er veldig mange som gjer. Eg tenker at å sende inn ein tekst er utroleg lærerikt, uansett kva som blir resultatet. Alle steg fører deg videre,» sa Bjørseth.
TEKST ER OPENBART I FOKUS på Dramatikkfestivalen. Ikkje regissørane. Og heller ikkje dramatikaren: Juryen til festivalen veit ikkje, når dei les, kven som har skrive manusa. Dei visste altså ingen ting om skrivarane sine bakgrunnar, verken karrieremessig eller privat. Var dei i det heile tatt dramatikarar? Det var berre tekstane som talte.
Juryen valde ut tekstar av scenekunstnaren og førstelektoren i teater, Ida Fugli, bibliotekaren og ungdomsbokforfattaren Hans Petter Laberg, og kommunikasjonsrådgjevaren Marthe Reienes – som debuterer som dramatikarar under festivalen med eit slags scenisk langdikt/monolog, i ein scenetekst som i følgje juryen «hoppar lettbeint mellom poesi og prosa». Laberg, derimot, har delteke med tekst i festivalen to gongar før, første gong i 2013, og også Ida Fugli er røynd innanfor Dramatikkfestivalen så vel som scenekunstfeltet generelt. Ho er leiar for truppen Flux Manøver, og er dessutan utdanna skodespelar innanfor ein fysisk teater-tradisjon.
– Har dei utvalde tekstane noko til felles?
– Alle tekstane kjennest som om dei er viktige for avsendarane, som om noko brenner, noko står på spel. Dei er alle formsterke, og det gjer dei både fengjande og inviterer til scenisk tolking.
– Kva vil du seie om bunken av søknadar som heilskap?
– Det var kjekt å sjå at overraskande mange skriv for barn og unge. Skulle ein ha gjort noko særleg ut av barn- og ungetekstane, har eg spurd meg. Klima, og at verda går til helvete, er eit gjennomgangstema. Systemkritikk, generelt. Det skrivast mykje politisk teater, og ein god del relasjonelt medmenneskeleg. Unge folk som har det fælt er ein gjennomgangstematikk. Det har vore veldig fint med dei som klarar å kombinere det systemkritiske og dystoptiske med ein lettheit. Noko så enkelt som håp og trøst, kanskje?
– De les altså utan å kjenne avsendar. Korleis er det å få vite kven som har skrive?
– Det sker noko med tekstane då. Det er uunngåeleg å lese dei annleis, i den konteksten.
LA DET GÅ.
I vekene og månadane fram mot festivalen skal desse tekstane bryne seg på regissørane, skodespelarane, scena. Å ikkje tvihalde på eit gitt materiale er også noko Bjørseth sjølv jobbar med, med seg sjølv, når ho er regissør:
– Eg kastar mykje, og prøvar ikkje å klamre meg til noko. Men ein må finne balansen. Kommunikasjon og openheit er viktig. Eg er ikkje så redd for å seie «Eg veit ikkje, dette må eg tenke litt over». Det er mykje betre enn å late som at ein har full kontroll.
– Det er kodeord for no kokar det i hovudet på deg?
– Ja, det kan du seie. Det er litt som å ha barn. Ein må gi fridom under ansvar, men også tydeleg leiarskap. Det er ikkje kult når nokon kjem med ein idé og så blir det berre slakta ned. Ein kan og bør gi det meste ein sjans. Etter kvart finn ein, forhåpentleg, ei felles forståing for kva idear vi er på utkikk etter. Det er fantastisk når ein sånn «kollektiv intelligens» oppstår i eit prøverom.
I kva grad har Maren og resten av festivaljuryen leita etter potensialet i verka, og i kor stor grad etter dei verka som er klare til å bli produsert?
– Eg håpar og trur at vinnarane er klare for å la oss ta over kontrollen på tekstane for ei stund. Forhåpentleg kan det bli inspirerande for både den eine og den andre. Om vi alle er opne og gode på kommunikasjon, bør vi kunne komme langt.
Bjørseth jobbar no med å knyte til seg fagpersonar av alle slag, i produksjonen av festivalen og framsyningane, fram mot sjølve festivalen under Heddadagane i juni. Og å kople desse folka til kvarandre, det er eitt av hovudmåla til Bjørseth, som ny leiar av Dramatikkfestivalen:
– Det handlar om å få gode folk saman, å samlast til fest og gode samtaler, seier ho, som tenker på festivalen som den litt rampete veslesøstera til Heddadagane.