Mette Karlsvik


Eg har alltid arbeidd best i høgda.

Mette Karlsvik

Født 1978, bor i Oslo

 

 

Hva holder du på med nå?

Det eg skal svare no vil høyrest veldig vanleg ut. Men etter å ha sitte non stop framfor ein skjerm i ti år, er det ei stor oppleving: Å lese bøker. På papir. Eg fekk ein plutseleg aversjon mot skjerm og plukka opp ei bok. No les eg som ein tykje. Berre i juni kom eg gjennom Helga Flatlands og Cecilie Engers forfattarskap, og no står russiske klassikarar for tur.

Hvordan ser arbeidsplassen din ut?

Kontoret mitt ligg øvst i huset. Det har vindauger utan gardiner og vender mot vest. Eg ser ut til ei mil med laus luft og ope landskap; over Røa, Vestmarka, liksom heilt til Sandvika. Eg har alltid arbeidd best i høgda. Høgt i terrenget, høgt i huset. Eg trur eg får meir oversikt då; over livet og det å vere menneske. Farmor sa alltid Fake it till you make it. Så eg fortsett slik. Og med å prøve å stå opp før alle andre står opp.

Din største kunstopplevelse?

Det må vere noko eg opplevde i puberteten. Då var alt størst, alt var imperativt, så eg kan nesten nemne kva som helst og det var svære opplevingar. Eit døme var å vere 15 år og bu på skuleinternat, femmannsrom, og  vere underernært på svevn og rom for seg sjølv. Stikke av frå internatet ei helg. Ta båten til Bergen, bu på noko som likna hotell, og gå til det som var målet: opninga av ei utstilling med Kurt Johannessen. Ligge på eit golv i eit lite trehus i Skostredet og halvsove, ganske skuletrøytt og lytte til lydinstallasjonar inni mjuke fotballar.

Hvilket ord mangler i den norske ordboken?

Veldig mange, har eg skjønt, etter at eg begynte å spele Wordfeud. Men dei fleste av orda som eg lagar der og som ikkje finst i ordlista er heller dårlege saker. Dette her er betre – frå Wassmos Huset med den blinde glassveranda: Snurpnotfolket

Hvilket medlem går pinnen til?

Hege Ulstein

Legg inn kommentar

Vennligst oppgi ditt navn

Ditt navn er påkrevd

Vennligst oppgi en gyldig epostadresse

En epostadresse er påkrevd

Vennligst legg inn din melding

NORSKE DRAMATIKERES FORBUND - WRITERS GUILD OF NORWAY

Postadresse
Postboks 579 Sentrum
0105 Oslo

Besøksadresse
Rådhusgata 7
0105 Oslo

Telefon: 22 47 89 50
Telefaks: 22 42 03 56

Forbundet: post@dramatiker.no

Dramatikerforbundet © 2017 Alle rettigheter. Ansvarlig redaktør: Monica Boracco.